Boka / The book

På sporet av fridom er eit pågåande fotografisk dokumentasjonsprosjekt som tek sikte på å utforske omgrepet fridom.

Ved å samanstille og dele ei globalt variert samling definisjonar av fridom vil eg oppmuntre folk til å reflektere over den fridommen dei opplever i sine eigne liv, land og nabolag. Og ikkje minst vil eg inspirere til ein meir fordomsfri og sjenerøs aksept av andre folk sine tankar og haldningar.

I slutten av 2008 og starten av 2009 brukte eg fire månader på ei turretur-reise mellom Noreg og Bangladesh. Undervegs fotograferte eg rundt hundre menneske og bad dei definere ordet/omgrepet fridom på sin måte. I januar 2013 var talet meir enn 150.

Ideen til det heile kom etter ein invitasjon til den internasjonale fotofestivalen Chobi Mela i Dhaka i Bangladesh, der temaet var fridom.
Resultatet vart først vist som ei utstilling på fotofestivalen i Dhaka i Bangladesh i 2009 og seinare i Kathmandu i Nepal.
Etter heimkomsten er materialet m.a. stilt ut på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, på Rådhusplassen i Oslo i samarbeid med Nobels Fredssenter, i Fredsparken i Risør og under Ekstremsportveko på Voss.

Nokre bilder og tekstar fra boka kan du sjå her.

Boka blei raskt utsolgt, men kan kanskje trykkast i nytt opplag når del to av prosjektet er ferdig. Afrika og Sør- og Nord Amerika skal no besøkast.

_WebSalgsplakat

Tracing Freedom is an ongoing photographic documentation project that aims to explore the concept of freedom.

By compiling and sharing a globally diverse collection of definitions of freedom, I want to encourage people to reflect on the freedom they experience in their own lives, country and neighborhoods. And ultimately, I want to inspire a more open-minded and generous acceptance of other people’s thoughts and actions.

In late 2008 and early 2009 I spent four months on a round-trip travel between Norway and Bangladesh. Along the way I photographed about a
hundred people and asked them to define the word/concept of freedom in their own way. In January 2013 the number was more than 150. The idea for it all came due to an invitation to the international photo festival Chobi Mela in Dhaka, Bangladesh, where the theme would be “Freedom”.

The result was first shown as an exhibition at the photo festival in Dhaka in 2009 and later in Kathmandu, Nepal. After the return to Norway, the project has been exhibited, among others, at Förde Folk Music FestivalCity Hall in Oslo, in collaboration with the Nobel Peace CentreThe Peace Park in Risör, and during the Extreme Sports Week in Voss.

Some of the images and text from the book can be viewed here.

The book was quickly sold out, but might be reprinted when part two of the project is finished. Africa and The Americas are being visited now.